Følg

©2018 by Voss Grunneigarsamskipnad. Proudly created with Wix.com

SMÅVILTJAKT I VOSS KOMMUNE

Det meste av småviltjakta på Voss er organisert gjennom 13 grunneigarlag som sel jaktkort. Dette utgjer ca 1500 km2 av Voss kommune sitt totale areal på 1815 km2. Ca. halvparten av arealet er høgfjell.


Av jaktbare artar er fjellrype, lirype og hare dei viktigaste artane på Voss. Rypebestanden varierer frå område til område, og frå år til år. Harebestanden på Voss er relativt tett. Det er enkelte stader brukbare bestandar av orrfugl og storfugl. Men, skogsfuglen er stort sett freda. Nokre få grunneigarlag sel spesielle skogsfuglkort. Jakt med hund er generelt ikkje tillate, men einskilde grunneigarlag sel jaktkort for harejakt med hund. Jaktstart varierer frå og med 10. september til og med 1. oktober. Kortprisane ligg på eit rimeleg nivå, men varierer litt frå område til område. Dei fleste grunneigarlag tek eit pantebeløp ved sal av jaktkort. Panten vert betalt attende når jaktkortet med fangstrapporten vert returnert innan fristen som er 31. desember. Leverar du jaktkortet tilbake til kortseljar får du panten attende med ein gong. Viss du ikkje leverar kortet direkte til kortseljar, må du hugse på å føre på kontonummer.

I tillegg til rype og hare er det tillate å skyte følgjande arter innanfor gjeldande jakttid for dei enkelte artane: Måker, nøtteskrike, skjære, kråke, ramn, raudrev, røyskatt, villmink, mår og grevling. Ei effektiv jakt av desse artane vil virke positivt inn på rype- og harebestandane. Jegeren må sjølv sørgje for å gjera seg godt kjend med dei lokale reglane og grensene for det området han/ho har kjøpt jaktkort i. VIKTIG! Grensene som er teikna inn på oversiktskartet er ikkje eksakte. Kartskisse finn du på visitvoss. Det er like viktig å returnere fangstrapporten sjølv om ein ikkje har skote noko. Før opp kor mange dagar du har jakta. Vis måtehald med kor mykje fugl du skyter, og vis omsyn til andre jegerar. Meld frå om du finn sau.

Det vert gått jaktoppsyn under småviltjakta. Hugs å ha jegeravgifta og jaktkortet med under jakta. I samsvar med ny våpenlov skal jegeren ha med våpenkort for registreringspliktige våpen under jakta.

Oversikten i dokumentet viser frå når jakta startar hos dei ulike grunneigarlaga og kven som sel jaktkort. Lista er vert oppdatert når grunneigarsamskipnaden mottek oppdatert informasjon frå grunneigarlaga.

Foto: Sveinung Klyve

 

MYRKDALEN GRUNNEIGARLAG

Jakttid: 28. september til 23. desember
Jakt på rype og hare utan hund
Freda: Skogsfugl
Jaktkortseljarar:
Kjetil Mørkve mob 911 79 803  epost: kmorkve@gmail.com
Årskort kun 10 første dager
Myrkdalen tlf 56 53 10 Endeve sport

BORDALEN-KVITLI GRUNNEIGARLAG:

Jakttid: 20. september til 23. desember

Jakt på: Rype og hare uten hund

Freda: Storfugl og orrfugl

Jaktkortseljarar:

Dyrdal Haugamoen, tlf. 56511795

GRÅSIDA GRUNNEIGARLAG

Jakttid: 1. oktober til 23. desember

Jakt på rype og hare utan hund

Freda  storfugl

Sesongkort: 1200 kr (vaskne), 200 kr (ungdom under 18 år).

Dagskort: 150 kr (alle)

Jaktkortseljarar: www.inatur.no

BULKEN NORD

Jakttid: 27. september til 23. desember

Jakt på: Rype og hare

Freda: Storfugl og orrfugl

Pris: Dagskort : 250,-                       Grunneigarkort: 0,-

Sal av jaktkort: www.inatur.no

Ovservasjon av sau meldast til

Vestbygdi sankelag v/Ø. Rivenes 99420783

Austre Dyrvedalen v/Kim Meeg 46843805

EVANGER SØR GRUNNEIGARLAG

Jakttid: 1. oktober - 23. desember

Pris: Dagskort: 200,-

Sal av jaktkort: inatur.no


Jakta kan verta stoppa på kort varsel, dersom det viser seg at dette er naudsynt. Det er "bag limit" på to ryper pr dag. Storfugl og Orre er freda. 

Kontaktperson: Njål Forthun, tlf 95034964


EVANGER NORD GRUNNEIGARLAG

All informasjon på inatur.no

HOLBYGDI GRUNNEIGARLAG

Jakttid: 14. sept til 23. desember

Jakt på: Rype, hare og storfugl (egne kort)

Freda: Røy

Pris: Sesongkort: 500,- , dagskort 200-

Sesongkort Storfugl: 500,- , dagskort Storfugl: 200,-

Jaktkortseljarar:

Per Egdetveit tlf 950 94 986       

Esso Vinje tlf 56 52 23 44

Endeve Sport

Shell Dale


Beitedyr som vert observert i fjellet seint i jakta kan meldast i frå om til Oddvin Sundve mob: 911 11 326

RAUNDALEN GRUNNEIGARLAG

Jakttid: 27. september til 23. desember

Jakt på: Rype og hare
Freda: Storfugl

Jaktkortseljarer:

Lars Kløve, Mjølfjell tlf. 56515196, mob. 95437607

Teodor Reime, Reime 5706 Voss, tlf. 56519131

Knut Skiple, Grove 5706 Voss, mob. 91710594

Sport1 Voss (berre Raundalskort)

Kort selges også på www.inatur.no      

Sjå for øvrig raundalen.net

AUSTFJELLI GRUNNEIGARLAG

Jakttid: 1.oktober til 23. desember        

Jakt på: Rype og hare uten hund

Freda: Storfugl

Pris: Sesongkort kr 350,-  vekekort kr 250,-  dagskort kr 200,-

Jaktkortseljarar:

Endeve Sport, Vangen

NORDFJELLI GRUNNEIGARLAG

Jakttid: 22. september til 23. desember.

Jakt på: Rype, hare, storfugl og orrfugl (hannfugl; avgrensa til 1 tiur og 1 orrhane per jeger og år)

Dagskort 200,- Årskort 500,-


Jaktkortseljarar              

Knut Helge Veka, Bulke 90072850
Lars T Trå, Bavallen
Terje Brekke, Gullfjordungen 90134956
Endeve Sport

VOSSESTRAND GRUNNEIGARLAG

Ingen informasjon

EVANGER VEST GRUNNEIGARLAG

Ingen informasjon

Foto: Liv Spilde