Generelle regler
I Vangsvatnet gjeld spesielle reglar sidan dette høyrer til anadrom strekning av vassdraget. Det er berre opna for fiske etter innlandsfisk. Generelt skal all villaks og sjøaure setjast ut att mest mogleg uskada. Om det vert fanga og avliva oppdrettslaks, skal det takast skjelprøve som skal leverast inn til Vangsvatnet grunneigarlag eller Voss Klekkeri. Villaksen i vassdraget er freda! Stang og snøre er tillatt heile året; frå land, båt og is. På anadrom strekning i Dyrvo og Joni og i og i 100-meters sone utanfor er det berre tillatt å fiske etter innlandsfisk i tida 15.4.-20.8. Dette gjeld også i Vosso frå Vangsvatnet og opp til første bru (ovanfor første bru er det eige sal av fiskekort for sjøaurefiske). Alt fiske innanfor 200 meter frå utløpet av Vangsvatnet er forbode heile året. Oterfiske er tillate i tida 15.5. til 15.7. Ikkje behov for å løyse fisketrygdavgift sidan Vangsvatnet berre er opna for innlandsfiske. Gratis fiske for born under 16 år.
Rapportering:
Vangsvatnet grunneigarlag vil at alle fangstar i vatnet skal rapporterast. Send sms eller ring mobilnr. 915 98 410. Hugs å informere om dato, fiskeslag, samla vekt og tal fiskar.
Beliggenhet og terrengbeskrivelse Voss kommune ligg i indre del av Hordaland, og har fjellområder som grenser både til Sognefjorden og Hardangerfjorden. Kommunen har eit variert landskap med lågland, skogsområder og mykje fjell. Vossavassdraget er hovudvassdraget i kommunen, med ca 40 km anadrom strekning. Det er mange moglegheiter til turopplevingar i Voss kommune, der det for eksempel er flott å kombinere fotturar og fiske.
Foto: Liv Spilde